Kjempeflott Retreat på Wallemtunet i oktober og mange påmeldte til Besteleir i 7-8 desember.

I oktober vart det arrangert Retreat på Wallemtunet, som vart eit svært vellukka arrangement. Me rettar ei stor takk til våre medarrangørar som var med å gjorde arrangementet muleg.

Besteleiren 7-8 desember har gjennom mange år vore ein populær leir. Pr. 1.12 er det eit rom ledig, så om du framleis er i tenkeboksen, er det berre å melda seg på snarast. Me gler oss til leir!

Ellers har det kome på plass tre nye varmepumper på Wallemtunet i november, det er ein kjærkommen oppgradering før vinteren set inn for fullt. Det er også blitt gjort forskjellig dugnadsarbeid, med grusing av vegen, listing i aktivitetsrom og andre mindre prosjekt.

God adventstid til alle!