Kurs- og leirstad på Kvamskogen
Om Wallemtunet
Wallemtunet er ein kristen leirstad som ligg idyllisk til på Kvamskogen, omlag ein time køyring frå Bergen. Vi arrangerer leirar i tillegg til at vi leiger ut Wallemtunet til menigheter, skular, organisasjonar og til private.
Fasilitetar
På Wallemtunet er det 47 sengeplassar fordelt på 14 rom, inkludert 10 firmanndsrom, 3 tomannsrom og eit rom med ein spesiell himmelseng. Alle romma har vask, og fellesområdet har toalett og dusj.
Vidare tilbyr stadet ei møtesal med plass til ca. 60 personar, utstyrt med lydanlegg og projektor, ei koselig peisestove, godt utstyrt kjøkken, matsal og eit aktivitetsrom med bordtennis og fotballspel. Trådlaust nettverk er tilgjengeleg i heile huset.
I tillegg til hovudhuset er det eit anneks med 6 sengeplassar som kan leigast saman med Wallemtunet eller separat.
Nærområdet
Wallemtunet ligg på 450 moh og er ein flott utgangspunkt for både lange og korte turar i Kvamsfjella.
Frå toppane får ein utsikt mot Bergensfjella, Hardangerfjorden og Rosendalsalpane.
Om vinteren har ein tilgang til eit preparert løypenett på cirka 65 km og gode moglegheiter for toppturar.
Eikedalen skisenter er berre 8 minutt unna med bil, medan Furedalen skisenter ligg 4 minutt unna.