Bestill til ditt arrangement

Utleige og booking

Wallemtunet har 47 sengeplassar og er mykje nytta av menigheter, lag, foreiningar, skular samt private. Her kan du arrangera menighetsweekend, konfirmantturar, speidarturar eller skuleturar i vakre omgivnader på Kvamskogen.

Det er 10 firemannsrom, 3 tomannsrom og eit rom med himmelsenga til skipsreiar Wallem. Alle rom har vask og elles er det toalett og dusj i fellesarealet.

Vidare er det møtesal med ca. 60 plasser m/enkelt lydanlegg og fastmontert projektor, ei flott og stemningsfull peisestove, spiseplass og aktivitetsrom med bordtennis og fotballspel. Maten ordnar du sjølv på eit godt utstyrt kjøkken. Det er trådlaust internett på huset.

Pris: 280 kr per person. Prisen forutset at utvask vert ordna av leigetakar. Det er mogleg å bestilla utvask for 2500,-. minimumsleige for bygget på 6160 per døgn.

Sjå kalenderen for tilgjengelegheit. Om det er ei spesifikk helg du er interessert i og det er opptatt, går det ann å setje seg på venteliste.

Bilder frå Wallemtunet

Kalender

Kamper

I tillegg til hovudhuset er det også eit anneks med 6 sengeplassar som kan leigast saman med Wallemtunet eller separat.

Annekset passar godt for ein familie eller ein liten vennegjeng. Det er ei koseleg og enkel hytte ved sida av Wallemtunet. Her er det to soverom med 2 og 4 sengeplassar, ei koseleg stove, ein liten kjøkkenkrok med to plater og oppvaskmaskin, toalett, dusj og vedovn. Utanfor er det ein solrik og skjerma terrasse.

Prisar og tilgjengelegheit: 900,- pr natt. Me leiger ut minimum to døgn på annekset.

Sjå kalender for tilgjengelegheit. Ta gjerne kontakt for spørsmål eller booking.

Se annonse på Finn.no

Bilder fra annekset

Kalender

Kamper

Nærleik til fantastisk natur

Bookingskjema