Vil du bidra?

Bli med på laget!

Me er eit flott fellesskap av frivillige som bidrar med mange ulike oppgåver kvart år. Har du noko du brenn for og vil bidra med? Ta gjerne kontakt med oss!

Foreininga Wallemtunet er ein medlemsstyrt foreining. Medlemskap kostar 200 kroner per år og gir deg røysterett på årsmøtet. I tillegg støttar du arbeidet vårt.

Dugnad

Har du lyst å bidra med noko praktisk på Wallemtunet? Me er eit flott fellesskap av frivillige som bidrar med mykje ulike oppgåver arbeid kvart år. Du kan bidra med beising, generelt vedlikehald av bygningsmassen, skog og ved-arbeid, vedlikehald av vegen, eller vere med i tilsynsgruppe som går gjennom huset etter utleige. Vi arrangerer ein årleg dugnad i april – mai, men også mykje arbeid elles
i året. Ikkje nøl med å ta kontakt om du har lyst å bidra.

Leirarbeid

Me arrangerer ulike typar leirar og har plass til fleire som vil bidra i leirarbeidet. Kan du bidra på kjøkkenet? Med musikk? Med barnearbeid? Med aktivitetar? Med forkynning? Arrangere leirar? Eller har du noko anna du brenn for og vil bidra med? Ta gjerne kontakt med oss!