This page is shown in the language it was entered in the admin (usually Norwegian).
«Smak av retreat»
Wallemtunet, 17.-19. oktober 2025
I år som i fjor har vi gleda av å invitera til retreat på Wallemtunet med stillheit, tidebøner, kreativitet, musikkandakt og flott turterreng m.m.
Retreat handlar om deg og Gud, ikkje om alle andre, sjølv om vi er saman. Denne helga passar også godt for deg som har liten eller inga erfaring med retreat. Kanskje er det no du skal unna deg ein pause frå kvardagen og få ein smak av retreat?
Velkommen til Wallemtunet fredag 17. oktober frå kl. 17. Det vert felles start med eit varmt måltid kl. 18, deretter vert det ein introduksjon til retreat før vi går inn i stilla.
Vi samlast til tidebøner morgon, middag og kveld som ein rytme gjennom dagane. Tida elles brukar du slik du ønskjer i stillheit: Jesus-meditasjon, kreative stasjonar, kvile og påfyll, turar i nærområdet (åleine eller felles), musikkandakt m.m. Kanskje finn du deg ein favorittplass framfor peisen, i godstolen eller ute på haustfjellet. Retreaten blir avslutta søndag 19. oktober kl. 15, etter gudsteneste og middag.
Pris 2.300 kr. Av dette er 500 kr påmeldingsavgift, som ikkje vert refundert ved avmelding. Du får eige rom med oppreidd seng med mindre anna er avtalt. Vi ønskjer at den som treng koma på retreat ikkje skal verta hindra av prisen, samstundes har leirplassen behov for inntekta. Ta kontakt om prisen er ei utfordring.
Begrensa antal plassar. Påmelding innan 1. oktober.
Har du spørsmål kontakt Marta Grønstad Hvidsten på tlf. 90918214 eller epost: magrohvi@gmail.com
Arr.: Retreatkomiteen ved Stine Karin og Torbjørn Sæle, Marta og Roald Hvidsten og Vibeke Bjørndal Midttun i samarbeid med foreininga Wallemtunet.
Questions? post@wallemtunet.no · Tel: 482 82 809

