
Arrangement
Bli med på leir!
Leirar, kurs og aktivitetar for born, familiar og vaksne på Wallemtunet.
Kommande og tidlegare
Ingen kommande arrangement er tilgjengelege for påmelding no.
Vi held årlege arrangement. Sjå for kva som er i vente, eller lag ditt eige arrangement på Wallemtunet!
Leirar for born, familiar og fellesskap
Gjennom året arrangerer me eigne leirar med ulikt tema og målgruppe. Felles for alle er gode måltid, bibelundervisning, leik og tid i vakker natur.
9–14 årBarn og unge
Vinterleir, 3T-leir og andre born-leirar med bibeltimar, ski, leik og nye vener i trygge rammer.
Alle aldrarHeile familien
Påskeleir, haustleir og besteleir — der born, foreldre og besteforeldre får gode dagar saman på Kvamskogen.
VaksneStille og retreat
«Smak av retreat» — tidebøner, stillheit, musikkandakt og turar i haustfjellet. For kjende og nye.
Halde ditt eige arrangement?
Wallemtunet vert leigd ut til menigheter, skular, speidargrupper, organisasjonar og private. Sjå ledige datoar, prisar og send førespurnad for både hovudhuset og annekset.

Vil du vere med å skape leir?
Leirane våre er drivne av frivillige — leiarar, kjøkkenhjelp, bibellærarar og mange fleire. Har du lyst å bidra? Me treng fleire hender, og alle bidrag er velkomne.
