
Leirstaden
Om leirstaden
Kristen leirstad på Kvamskogen — for menigheter, skular, organisasjonar og private arrangement.
Wallemtunet ligg idyllisk til på Kvamskogen, berre ein times køyretur frå Bergen. Her får du ei unik ramme for fellesskap, tru og gode opplevingar — omgitt av storslått vestlandsnatur.
Staden vert nytta av menigheiter, skular, organisasjonar, speidargrupper og til private arrangement. I tillegg arrangerer me eigne leirar for born, familiar og fellesskap gjennom året.
Tre delar av staden
Hovudhuset, annekset og nærområdet — saman dannar dei ein unik leirstad på Kvamskogen.
Fasilitetar
Rom for både ro og aktivitet — alt samla i eit hovudhus, med anneks som valfritt tillegg.
- 47sengeplassar
- ~60plassar i møtesal
- 14rom i hovudhus
- Peisestove
- Velutstyrt kjøkken
- Matsal
- Aktivitetsrom
- Lydanlegg og projektor
- Trådlaust nett
Fasilitetar — bilete. Bruk pilknappane eller dra for å scrolla horisontalt.
Nærområdet
Turar, utsikt og vinterløyper — kort veg til ski.
- 450 moh
- ~65 km preparerte løyper
- 8 / 4 min til ski
Eit flott utgangspunkt for turar i Kvamsfjella — frå toppane har du utsikt mot Bergensfjella, Hardangerfjorden og Rosendalsalpane. Om vinteren opnar eit stort preparert løypenett seg rett utanfor døra, med Eikedalen og Furedalen skisenter berre nokre minutt unna.
Nærområdet — bilete. Bruk pilknappane eller dra for å scrolla horisontalt.
Slik er staden bygd opp
Dra sida for å sjå fleire etasjar og rom — trykk på biletet for full storleik.
Planteikningar. Bruk pilknappane eller dra for å scrolla horisontalt.




















