Wallemtunet

Kurs, leirstad og overnatting på Kvamskogen

28. juni 2024

Full aktivitet på dugnaden på Wallemtunet

← Tilbake til nyheiter

Me var samla 13 stykker i alderspennet 4-83 år på dugnaden på Wallemtunet. Det var høg innsats og god stemning! Me fekk beisa alt som ikkje vart tatt i fjor på hovedhuset. Det vart vaska og reingjort inne, nytt tak på redskapsboden, overhalt vinduer i peisestova, bært inn eit tilhengerlass med ved, kløvd og kutta ved og rydda i skogen og eindel anna mindre prosjekt. Me kosa oss med god mat og hyggeleg arbeidsfelleskap. Ei veke etter dugnaden vart golvet i peisestova reparert.

Takk til alle som deltok på dugnaden!

Wallemtunet har ingen stor organisasjon i ryggen. Vi er derfor svært takksam for alle som bidrar med gåver.

Målet vårt er å sikra vidare drift og vidareutvikla både plassen og aktiviteten på Wallemtunet.

Gje med vipps733035
Bankoverføring3000.54.05854