Wallemtunet

Kurs, leirstad og overnatting på Kvamskogen

7. mai 2025

Påskeleir og basar på Wallemtunet i april

← Tilbake til nyheiter

I april hadde vi basar på Wallemtunet. På bøker og åresalg kom det inn omlag 60000 kroner. Dette var eit fantastisk resultat! Det var god stemning, andakt og mykje kaker. Takk til alle som kom og til alle som bidrog med organisering og premier. Me planlegg for ny basar til neste år.

Påsken i år vart ein annleis påske heilt utan snø på Kvamskogen. Påskeleiren på Wallemtunet var fullteikna og vi klarte oss godt utan snø. Dei mest ivrige gjekk likevel på ski på Tveita Kvitingen, men ellers var det sykling, fjellturar, hoppepute, leik med stor rund duk, grilling, kaninar, speling inne og ute og mykje anna. Nils Arne hadde møter for dei voksne og Anne Cecilie hadde barneopplegget. Som alltid var det kjempegod mat og god servering! Takk til både deltakarane og komiteen som i felleskap gjorde det til ein fantastisk leir!

Wallemtunet har ingen stor organisasjon i ryggen. Vi er derfor svært takksam for alle som bidrar med gåver.

Målet vårt er å sikra vidare drift og vidareutvikla både plassen og aktiviteten på Wallemtunet.

Gje med vipps733035
Bankoverføring3000.54.05854